Turfakta Tanzania

Klima

I Tanzania er det sommar heile året men har regntid 2 gonger i året med ei lang regntid frå slutten av mars til begynnelsen av juni og ei kort regntid i november. Temperaturen ligg på 20 – 30 grader i låglandet rundt fjellet. På fjellet kan det vera shortsver opp til ca. 3.500 meter. Om natta er det stort sett under 0 grader  frå  camp 2. På toppnatta kan det vera ned mot ca. minus 15 grader.

Språk

Kiswahili og engelsk

Forsikring

Eg anbefaler at du undersøker at forsikringen din dekker fylgjande: Avbestillingsforsikring – må teiknast før eller samtidig med at reisen vert bestilt. Kontroller at totalsummen i avbestilligsforsikringen dekker totalsummen på turen din – Reisegods – Ansvar – Forseinkingar – Tapt reisens formål (F.eks. kan du reise til Afrika hvis du bryt armen før avreise, men det vil då verta problem med å delta på fjellturen. Difor bør du ha ein forsikring som dekker tap av reisens formål.) Enkelte forsikringsselskap bruker antal meter over havet som kriterium for forsikringsdekning, og om dei kaller det ein ekspedisjon eller ikkje. Undersøk og kor mange reisedagar forsikringen din dekkjer pr. reise.

Vi ordner med registrering i Flying Doctors, som dekkjer sjuketransport med helikopter ned frå fjellet ved alvorleg sjukdom. Det er viktig at forsikringa di dekkjer utflygning.

Pass og visum

Er påkrevd for nordmenn i Tanzania, gyldig pass (også for returen) må medbringes. NB! Pass må vera gyldig minimum 6 mnd. etter heimkomst. Visum kjøpes ved ankomst. (50$). Skjema for visum vert ofte utlevert på flyet slik at du kan gjera alt ferdig før landing, noko som er svært tidsbesparande.

Vaksinasjon og helse:

Ta kontakt med ditt legesenter eller helsestasjon for informasjon om vaksinasjonar minimum 2 månadar før avreise.
NB! Ta med vaksinasjonskort då dette er eit krav for å komme inn i Tanzania. Dette gjeld også Kenya dersom du reiser via Nairobi. Eg vil og anbefale for din eigen sikkerheit at du får helseerklæring frå lege om at du er kvalifisert til å delta på fjellturen.

Tid og tidssoner

Sommartid: Norge + 1 time.
Vintertid: Norge + 2 timar.

Førebuingar til Kilimanjaro – fjellturen

Hyppige fjellturar ( 2 gonger i veka ) med enkelte lengre turar ( 7 timar eller meir). Bruk ryggsekk ca. 8 kg. Overnatting i telt. Hald deg i god fysisk form. Siste 2 vekene før turen bør ein bruke tida til rolegare trening og opplading. Om det er av interesse kan vi ha eit par gruppemøter. Når de kjem over 3.000 meters høgde kan det vera ein fordel å vera førebudd på å gå sakte.

Bæring av utstyr:

På fjellet har vi bærarar som bærer alt utstyret. Vi bærer kun det vi treng for dagen.

Valuta:

Tanzania-shilling. 1$ tilsvarer ca.1400 Tsh. Enklast å ha med kontantar i USD, små einheiter for tips o.l. Bruk USD til tips til guider og bærarar. Vi anbefaler du tek med ca. USD 400,- til visa, tips og div. suvenir.

Mat og drikke:

Vann på vannflasker får du kjøpt. Ellers drikkes kokt vann. Det er ikke mykje problem forbundet med mat og drikke på fjellet.