Jonn Skagen Kilimanjaro og safari

Jonn Skagen er busett i Norge men har lengre opphald i Tanzania kvart år. Eg trefte på Tim første gong i 2011 då eg var på fjell og safaritur i Tanzania. Han var då berre 19 år og var nyleg godkjent som guide på Kilimanjaro. Då eg var tilbake i Tanzania i 2012 viste Tim stor interesse for å ville oppsøke Norge. Dette enda med at eg iløpet av 6 månader fekk han inn på Folkehøgskule i Norge frå hausten 2013. Etter dette har eg vore i Tanzania 6 gonger. Dei 2 siste turane var eg totalt der i 4 månader i samband med restaurering av eigedomen til Tim som han har arva etter sin avdøde far. På denne måten har eg skaffa meg ein fast opphaldsstad når eg er på ferie der. Eg har sikra eigedomen med høg ringmur og 6 elektriske trådar på toppen som er tilknytt alarm og solarpanel p.g.a. ustabil straumtilførsel. I tillegg til friluftsliv har eg stor interesse for planter og blomster. Eg har difor opparbeidd hage både innanfor og utanfor ringmuren. Etterkvart er det også planar om utplanting av ein del grønsaker. Har allereie fått planta 3 bananplanter. Då eg var der i januar iår hadde vi full oppussing av utleigedelen som er eit tilbygg til hovedhuset. Der er no 3 enkle rom og 2 doble rom. I tillegg vart det bygd nytt toilett, vask og dusj + planering av heile tunet. I oktober 2016 har eg bygd om den eine 2 roms til heilt ny leiligheit med eige bad.

Min erfaring med høge fjell har eg fått på turar med dyktige norske guidar og lokale guidar frå Kilimanjaro. Eg har på desse turane vore på fylgjande fjelltoppar i utlandet: Aconcagua ( 6.962 m) høgste fjellet i Sør-Amerika. 3 gonger på Kilimanjaro Uhuru Peak ( 5.895 m), Mt Meru i Tanzania, 4.565 m, Elbrus (5.642 m) høgste fjellet i Europa. I Norge har eg vore på 56 toppar over 2000 m og fleire turar Josten på langs.

2 av turane på Kilimanjaro og turen til Mt. Meru har eg gjort privat med Tim som guide. På desse turane har eg vore med på heile prossessen med det å førebu fjellturane med innkjøp av mat og utstyr, pakking og klargjering til fjellet + organisering av transport og mannskap.

På mine opphald har eg fått god kjennskap til lokalbefolkningen då eg bur ilag med familien til Tim. På vegen utanfor huset kjem masaiane forbi med dyra sine for å skifte beite. I samband med byggeprossessen har eg vore mykje i kontakt med lokale bedrifter og butikkar. Eg har og vore med familiemedlemer på det lokale sjukehuset og besøkt Tim på college i Mweka og hans yngre bror på skulen i Arusha. Dette fordi eg sponsar utdanning for begge. Då eg var der ifjor sommar måtte eg vera privat sjåfør i 2 månader. Med venstrekøyring var dette ein stor prøvelse, spesielt inne i byane der trafikken er svært kaotisk.

I vinter var eg i konfirmasjon som vart avvikla heime hos besteforeldra til Tim som bur i Machame. Dette likna nesten på bryllaupsfeiring. Etter kyrkjeserimonien var det gratulasjonar, sang og dans. All servering føregjekk ute på eigedomen deira mellom banan – og kaffiplanter.

Eg har også finansierte nytt tanzaniansk reiseselskap for mine samarbeidsparnarar. Navnet er Mamidiska of Kili Tanzania Limited.

Mine samarbeidspartnarar i Tanzania

Tim

25 år og guide på Kilimanjaro frå han var 18 år.

Utdanning:

  • Ferdig med vidaregåande i Tanzania
  • 1 år på Folkehøgskule i Norge
  • 1 år på African Wildlife Management, Mweka, Friluftsliv og turisme
  • Wilderness first responder (WFR)

Yrke:

  • Guide på Kilimanjaro frå han var 18 år og har vore på toppen over 50 gonger.

Mark

Onkel til Tim har vore guide på Kilimanjaro i over 25år og er blant dei som har lengst erfaring som hovedguide på dette fjellet. Han var blant anna hovedguide for det norske selskapet som eg reiste med dei 2 første gongane eg var på Kilimanjaro.

Mike

Transport og bookingansvarleg. Han har jobba ilag med Mark i alle år og har lang erfaring når det gjeld transport til fjell og safari, booking hotell.

Alle desse 3 har svært stor kontaktflate og er dyktige med organisering av mannskap til turane. Når det gjeld guidar vil vi legge vekt på å bruke dei beste.

Tansaniansk selskap for mine samarbeidspartnarar:  Mamidiska of Kili Tanzania Limited .