Topptur til Kilimanjaro, september 2016!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Guiden Albert, Guiden Joma, Erik Mjell, Steinar Lien, guiden Mark , Arne Nistad, Reidun Hatlebrekke, Berit Helle Framme frå venstre: Anne Storhaug, Inger Helene Øvrebø, Oddhild Lien, Norvald Storehaug, Reidun Nistad, Reidun Strand, Kjell Idar Dvergsdal, Magnus Helle, guiden Tim.

Endeleg skulle draumen bli verkelegheit for vennegjengen frå Sande i Gaular kommune som nådde toppen av Kilimanjaro den 08.09.2016.

Etter eit halvår med førebuing både fysisk og mentalt, – få alt utstyret på plass og få god briefing og oppbacking frå vår turoperatør Jonn Skagen as, Sande, var vi klar for tur den 02.09.2016.

Vi skulle gå Machameruta eller Whisky-ruta som den også vert kalla. Sju dagsetappar med seks overnattingar i telt. 61 hjelparar var klar til å ta oss med på ei fantastisk reise. Guidane veksla på å gå i front og dei var veldig bestemte, viktig å tenke kun dag for dag, ta etappe for etappe, gå sakte, sakte. Fokusere på positiv og målretta tenking.

Første dagsetappe gjekk gjennom regnskog, ei heilt spesiell oppleving i nydeleg natur med rikt planteliv.

Allereie første dagen var vi opp på 3000 høgdemeter. So høgt hadde dei fleste av oss aldri vore før.

Koste oss på tur

Etter kvart såg vi kor viktig det er med akklimatisering og at det vert gjennomført på ein gjennomtenkt og systematisk måte. Det viktigaste er å tilpasse seg høgda. Dette er heilt avgjerande for å nå toppen. Teamet vårt med guidar og hjelparar hadde god kontroll på dette og alle i gruppa vår vart godt fulgt opp heile tida. Guidane ytte service og omsorg, alle vart sett og passa på. Smil og postive tilbakemeldingar løfta oss heile tida vidare.

Tredje dagen nådde vi 4 600 meter. Då hadde dei fleste fått kjent litt på symptom for høgdesjuke enten det var hovudverk, kvalme eller minkande matlyst.

Naturopplevingane under dagsetappane kan berre beskrivast som fantastiske. Den stålblå stjernehimmelen som kom svært nær oss gjorde stort inntrykk. Leia gjennom 5 klimasoner, der guidane gav oss informasjon og fortalde om det særeigne i dei ulike klimasonene, sette alt i eit utruleg perspektiv. Ulike plantar tilpassa seg eit liv heilt oppimot 4000 meter høgde, men over 5000 meter var det ikkje planteliv.

God og bestemt guiding førte oss sakte framover. Budskapet var enkelt: drikke mykje, puste rett og «pole, pole» gå sakte, sakte.

Fantastisk oppvarting med eigen kokk og kjøkkenstab, stort mattelt og god stemning rundt måltida. God, variert og næringsrik kost kvar einaste dag, kaffi- eller tekoppen gjennom teltopninga om morgonen gjorde opplevinga endå meir optimal. Flott song og dans av heile staben sto ôg på programmet. Samla gav dette oss inspirasjon ogmotivasjon.

5. og 6. dag er det klart for toppstøtet, – siste utfordring for å nå vårt store mål, vi starta oppstigninga på 4 800 høgdemeter.

God førebuiing til siste del av turen, var viktig. Å vere ute i minus 10-15 grader i over 10 timar i strekk krev gode klede og godt utstyr. Vi vart kontrollert ein for ein.

Toppstøtet set i gang

Toppstøtet starta kl. 2400. Nesten 1100 meter til toppen. Vi er ei bestemt og sterk gruppe med eit veldig klart mål: å nå toppen! På veg oppover fjellsida, -lange lysrekker framfor og bak oss, tynn luft, kaldt, – nedimot 15 minus. Vi bevegar oss sakte mot toppen «pole, pole», drikke, puste. Det var vel ingen av oss som på førehand kunne førestilt oss kor hardt det er å gå i 5000 meter høgde, – med museskritt!

Kl. 0630 er vi på det første toppunktet, Stella Point, 5 770 meter. Lyset kjem mot oss, soloppgang, isbreane, utsikta, alle er vi der. Varm te og ny energi for å nå det endeleg toppunktet.

Vi legg i veg dei siste hundre meterane, fantastisk utsikt og ei ubeskriveleg oppleving å gå i dette « månelandskapet « blant svære fjellmassiv og krater.

Og endeleg er vi på toppen – Uhuru Peak – 5 895 høgdemeter. Det er lov å felle ei tåre i ein slik situasjon. Vi nådde målet. Det kan nesten ikkje beskrivast. Fantastisk at alle i gruppa greidde det.

Toppturen til Kilimajaro var ei stor oppleving for oss alle, den store draumen om å gjere noko spesielt og ekstremt. Nokre av oss hadde fått oppleve den store ekspedisjonsdraumen.

Det er åpenbart at Jonn Skagen har brukt mykje resurssar på for å lage et tilbod som både er spennande og trygt. Med god service, dei beste guidar og dei beste kokkar har han klart å lage et topp produkt som har fått navnet Tim Skagen. Vi har ikkje noko vanskar med å anbefale dette turopplegg til Kilimanjaro.

Til ettertanke:
Vi fekk også eit par dagar i Tanzania der vi fekk oppleve folket og korleis dei har det. Det er store kontrastar i høve til oss. Stor fattigdom og høg arbeidsledigheit sette sitt preg på oss alle, men likevel fekk vi smil og vink overalt. Tanzania er spennande på alle måtar.

Det er viktig å få med seg denne opplevinga og.