Kilimanjaro – Lemoshoruta

Program Lemoshoruta – 8 dagar

Avreisedatoar; Sjå kalendar.

Lemosho: Dag for dag heile turen

Dag 1: Bergen – Amsterdam – Kilimanjaro med KLM

Transport frå Kilimanjaro Airport til hotell i Moshi (ca. 45 min.). De vert mottekne på flyplassen av meg og nokre lokale guidar og transportert direkte til hotellet med privat buss.

Dag  2:

Etter frokost vert vi kjørt til Londrossi Gate for registrering. Her blir du møtt av teamet av guidar, kokkar og bærarar som vil følge deg på heile turen.
Køyreturen går gjennom Vest Kilimanjaro og tek ca. 2 timar til Landrossi Gate.
Dagens etappe Londrossi Gate – Mti Mkubwa Camp. (2350 m – 2.900 meter), 6 km, 3 – 4 timer.
Vi går gjennom tett regnskog, ofte med rikt dyreliv, og er framme ved leiren i god tid før det mørkner.
Temperatur: Pluss 20 – 25 grader. Natt ca. 10 grader.

Dag 3

Mti Mkubwa Camp – Shira 1 Camp.(2.900 m – 3.500 m)
Etter frukost går de vidare gjennom regnskog i ca. 2 timar. Deretter kjem de over til annan vegitasjon som høg lyng, lobelia på 2 meter og kjempesvineblom på over 5 meter. Etter ca. 4 timar kjem de til Shira 1 Camp med flott utsikt mot Mt. Meru. Tot. 6-7 timar.
Lengde: Ca. 8 km.. Stigning: 600 m. Temp.: Dag:Pluss 10 – 15 grader. Natt: 0 – 2 grader.

Dag 4

Etter frukost går vi ein lett tur i myrterreng over platået til Shira 2 Camp – Moir Camp.
Strekningen frå Shira 2 til Moir Hut er lite brukt, men gjev god aklimatisering.
Lengde: Ca. 14 km. 6 – 7 timar. 3.500 meter til 4.200 meter. Stigning: 700 meter. Temp.: Dag: Pluss 10 – 15 grader. Natt: 0 – 2 grader.

Dag 5- 9

Moir Hut – Lava Tower – Barranco Camp. 4.200 m – 4.600 m – 3.900 meter.
På denne etappen kjem de inn på Machameruta like før Lava Tower og fylgjer denne på resten av turen.
På desse 4 første dagane er det som oftast vesentleg mindre trafikk enn på Machameruta og ein får oppleve meir dyreliv. Denne ruta vart etablert for fleire år sidan der Tim sin far Francis Kishingo var med som lokal guide og vert mykje brukt av dei som går Western Bridge (Lava Tower – Aron Glacier – Crater Camp – Uhuru Peak).

Dag 10: Vi nyt dagen ved bassengkanten eller tek ein utflukt.

Besøke marknadane i Moshi eller ein tur for å besøke lokalbefolkningen der eg bur. Tilbake til hotellet for klargjering heimreise om kvelden.

Dag 11: Heime i Bergen.

Ved ank. Kilimanjaro om kvelden startar turen dag 2 og vi får ein ekstra dag etter fjellet.

Inkludert i alle mine turar er at eg tilbyr informasjonsmøte både i planleggingsfasen og ca. 2-3 veker før avreise.

PRIS: Frå KR. 21.900,- (7 dagar) og kr. 23.900,- (8 dagar) pr. deltakar. 

Inkludert i prisen:
Parkavgift 8 dagar i fjellet USD 1.093,-,- pr. deltakar. Sandwich ved ankomst hotellet. Norsk reiseleiar ved ankomst Kilimanjaro flyplass, innkvartering hotell og elles under heile opphaldet i Tanzania etter fjellet. Lokale guidar, kokkar og bærarar på fjellet med ryddige og gode betingelser. 1 guide pr. 2 gjester. All innenlandstransport iflg. program i Tanzania. Overnatting på hotell i Moshi inkl- frukost. Alle måltider på fjellet inkl. alt du treng av vatn, te og kaffi. Mat- telt for servering middag og frukost kvar dag. Ferdig lunchpakke får du med deg. Etterforsyning av fersk mat. Svært høg kvalitet på maten i fjellet basert på tilbakemeldingar frå alle mine tidlegare grupper . Overnatting på fjellet: 2 i tremannstelt. Eige toilett-telt på fjellet.
Det vert teke forbehold om endring i pris dersom endring i valutakursar. Reisearrangør vil halde kunden løpande orientert.
Alle guidar er sertifiserte for guiding på Kilimanjaro og dei har god kjennskap til symtom på høgdesjuke og korleis dette skal handterast. Dei fleste snakkar brukbart engelsk og er flinke til å kommunisere med andre folkeslag. Redningsforsikring i Flying doctors. Dette gjer det mogeleg å rekvirere utflygning dersom akutt sjukdom. Vi har med oss satelitt-telefon til bruk der det er dårleg mobildekning. Oksygenflasker (i nødstilfelle).

Ikkje inkludert i prisen:
Flyreise Norge til Kilimanjaro.Tips til lokale guider, kokker og bærarar på Kilimanjaro, ca USD 200-250. Visum Tanzania (USD 50 ved ankomst Kilimanjaro flyplass). Husk at pass må vera gyldig i 6 mnd. etter heimreise. Lunch og middag og eventuelt enkeltrom på hotell. Drikkevarer utanom fjellturen.  Avbestillings-og reiseforsikring. Forsikring i høgda i tilfelle høgdesjuke (Syt for forsikringen også dekkjer utflygning).
Som tillegg til den maten som vert servert kan knekkebrød, nøttegodt e.l. og råsaft eller sportsdrikk anbefalast men det er ikkje inkludert i prisen. Mykje veskeinntak medfører hyppige dobesøk og for dei som ikkje vil gå ut av teltet om natta kan tisseflaske vera eit alternativ, men denne må du skaffe sjølv.

Min. antal deltakarar: 5
Max. antal deltakarar: 16
Påmelding: Via kontakt oss på bunn av sida
Påmeldingsfrist: Ingen konkret dato, men vi anbefaler minimun 4 månader før avreise.

Turfakta

Klima

I Tanzania er det sommar heile året men har regntid 2 gonger i året med ei lang regntid frå slutten av mars til begynnelsen av juni ogei kort regntid i november. Temeraturen ligg på 20 – 30 grader i låglandet rundt fjellet. På fjellet kan det vera shortsver opp til ca. 3.500 meter. Om natta er det stort sett under 0 grader om natta frå første camp. På toppnatta kan det vera ned mot ca. minus 15 grader.

Språk

Kiswahili og engelsk

Forsikring

Eg anbefaler at du undersøker at forsikringen din dekker fylgjande: Avbestillingsforsikring – må teiknast før eller samtidig med at reisen vert bestilt. Kontroller at totalsummen i avbestilligsforsikringen dekker totalsummen på turen din – Reisegods – Ansvar – Forseinkingar – Tapt reisens formål (F.eks. kan du reise til Afrika hvis du bryt armen før avreise, men det vil då verta problem med å delta på fjellturen. Difor bør du ha ein forsikring som dekker tap av reisens formål.) Enkelte forsikringsselskap bruker antal meter over havet som kriterium for forsikringsdekning, og om dei kaller det ein ekspedisjon eller ikkje. Undersøk og kor mange reisedagar forsikringen din dekkjer pr. reise.

Vi ordner med forsikring via Flying Doctors, som dekkjer sjuketransport ved alvorleg sjukdom. Det er viktig at forsikringa di dekkjer utflygning.

Pass og visum

Er påkrevd for nordmenn i Tanzania, gyldig pass (også for returen) må medbringes. NB! Pass må vera gyldig minimum 6 mnd. etter heimkomst. Visum kjøpes ved ankomst. (50$). Skjema for visum vert ofte utlevert på flyet slik at du kan gjera alt ferdig før landing, noko som er svært tidsbesparande.

Vaksinasjon og helse:

Ta kontakt med ditt legesenter eller helsestasjon for informasjon om vaksinasjonar minimum 2 månadar før avreise.
NB! Ta med vaksinasjonskort då dette er eit krav for å komme inn i Tanzania. Dette gjeld også Kenya dersom du reiser via Nairobi. Eg vil og anbefale for din eigen sikkerheit at du får helseerklæring frå lege om at du er kvalifisert til å delta på fjellturen.

Tid og tidssoner

Sommartid: Norge + 1 time.
Vintertid: Norge + 2 timar.

Førebuingar til Kilimanjaro – fjellturen

Hyppige fjellturar ( 2 gonger i veka ) med enkelte lengre turar ( 7 timar eller meir). Bruk ryggsekk ca. 8 kg. Overnatting i telt. Hald deg i god fysisk form. Siste 2 vekene før turen bør ein bruke tida til rolegare trening og opplading. Om det er av interesse kan vi ha eit par gruppemøter. Når de kjem over 3.000 meters høgde kan det vera ein fordel å vera førebudd på å gå sakte.

Bæring av utstyr:

På fjellet har vi bærarar som bærer alt utstyret. Vi bærer kun det vi treng for dagen.

Valuta:

Tanzania-shilling. 1$ tilsvarer ca.1400 Tsh. Enklest å ha med kontanter i USD, små enheter for tips o.l. Bruk USD til tips til guider og bærarar. Vi anbefaler du tek med ca. USD 400,- til visa, tips og div. suvenir.

Mat og drikke:

Vann på vannflasker får du kjøpt. Ellers drikkes kokt vann. Det er ikke mykje problem forbundet med mat og drikke på fjellet.

Kontakt oss for å bli med på tur