Kilimanjaro – Machameruta – 7 dager i fjellet.

Program dag for dag for heile turen (10 dagar)

Avreisedatoar : Sjå kalendar.  

Machameruta: Dag for dag heile turen

Dag 1: Bergen – Amsterdam – Kilimanjaro med KLM

Transport frå Kilimanjaro Airport til hotell i Moshi (ca. 45 min.). De vert mottekne på flyplassen av meg og nokre lokale guidar og transportert direkte til hotellet med privat buss.

Dag 2: Start turen til Machame Gate for å gå 7 dager i fjellet.

Etter frokost køyrer vi frå hotellet til Machame Gate (1800 m) der vi startar fotturen til Machame Hut ( 3.000 meter), 5-7 timar. Heile turen går gjennom regnskog til Machame Hut. Når vi kjem fram har bærarane allereie sett opp telta og kokken er i ferd med å forberede middag.
Lengde ca. 10 km. Stigning: 1.200 m. Høgde leir: + 3.000 m

Dag 3:  Opp på høgfjellsplatået

Machame Hut – Shira Hut(3.840 m. 5-7 t.). Vi går ut av regnskogen og fylgjer ein liten dal i eit område med lyng og myr. Vi passerer ei lita lavaklippe og kjem til Shira Cave. Vi held fram opp til Shira Hut – Barranco der vi slår leir. Storslått utsikt mot Kibo, Shira Ridge og Mt. Meru(4.565 m).
Lengde: Ca. 6km. Stigning: + 840 m. Høgde Leir: + 3.840 m.

Dag 4: Over vulkansk lava

Shira II – Barranco(3.940 m. 6 t). Dette blir ein krevjande dag då vi går opp til 4.600 meter før vi går ned igjen til Barranco på 3.950 meter. Ruta går på god sti gjennom eit lavafelt østover mot Kibo og Lava Tower(4.600 m). I bakgrunnen rager Western Breach og Uhuru Peak. Vi stopper for lunch ved Lava Tower, før vi går ned til Barranco Hut og slår leir. Mange vil merke at vi er høgt oppe, og hodepine og kvalme er ikkje uvanleg. Dei fleste symptom forsvinner etter ein kvil i Barranco. Gå høgt og sove lågt er fin akklimatisering for større høgder.
Lengde: ca. 9 km. Stigning: 660m til Lava Tower. – 550 m frå Lava Tower til Barranco, d.v.s. netto + 110 m. Høgd leir: + 3.950 m.

Dag 5:  Under isbreane

Barranco – Karanga valley(4.000m, 4 t). Første timen går opp den bratte Barranco-veggen, med flott utsikt mot toppen og nedover Great Barranco-ravinen. På toppen ser vi rett opp mot Heim Glacier og fortsetter i kupert terreng til Karanga Valley (4.000 m, 3 t).Dette er flottaste leirplassen på turen med utsikt mot breane.
Lengde: Ca 6 km. Stigning: + 50m. Høgde: + 4.000 meter.

Dag 6: Stein og is

Karanga Valley – Barafu (4.600 m, 3 t). Stien stiger jevnt opp frå leiren til Barafu Hut. Barafu betyr is, og er ein øde leirplass med lite vegetasjon i 4.600 meters høgde. Ettermiddagen bruker vi til å slappe av og få i oss mat og drikke før toppforsøket. Etter middag vil det bli nokre timar i soveposen før vi står opp ca. Kl.11:00 om kvelden. Etter litt mat og varmt drikke starter vi mot toppen.
Lengde: ca. 3 km. Stigning: + 600 m. Høgde Leir + 4.600 m.

Dag 7: Toppdag!

Barafu – Uuru Peak (5.895 m – Mveka (3.100 m)Vi starter tidleg, vanlegvis rundt 23:00. Første delen går jevnt opover og vi vil kunne sjå ei rekke med lys frå hodelykter oppover fjellsida. Mot syd vil vi kunne sjå lysa frå Moshi. Etter 4 – 5 timar blir det brattare og vi kjem fram til Kibo-krateret og vidare til Stella Point etter ca. 6 timar. Frå kraterkanten opp til Uhuru Peak tek det i overkant av 1 time. Frå toppen er fantastisk utsikt mot Mt. Meru (4.565 m), Mawenzi ( 5.149 m ) og krateret. Vi returnerer til Barafu(3 t), her tek vi lunch før vi held fram ned til Mweka Hut (3.100 m, 3 t). i lyngskogen ved kanten av regnskogen.
Lengde ca. 18 km. Stigning: + 1.295 m og – 2.795 m. Høgde leir : + 3.100 m.

Dag 8: Tilbake frå fjellet ca. Kl. 13:00

Mweka 3.100 m – Mweka Gate(1.500m). Etter frokost går vi 3 – 4 timar gjennom imponerande regnskog før vi kjem ned til Mweka Village der vi får servert lunch. Herifrå blir vi køyrt tilbake til hotellet til ein velfortjent dusj. Om kvelden vert det middag og diplomutdeling.
Lengde: Ca. 10 km. Stigning: – 1.600 m. Høgde Mweka Gate: + 1.500 m.

Dag 9: Vi nyt dagen ved bassengkanten eller tek ein utflukt.

Besøke marknadane i Moshi eller ein tur for å besøke lokalbefolkningen der eg bur. Tilbake til hotellet for klargjering heimreise om kvelden.

Dag 10: Heime i Bergen.

Ved ank. Kilimanjaro om kvelden startar turen dag 2 og vi får ein ekstra dag etter fjellet.

Inkludert i alle mine turar er at eg tilbyr informasjonsmøte både i planleggingsfasen og ca. 2-3 veker før avreise.

PRIS: Frå KR. 18.900,- PR. STK. (6 dagar) ,Kr. 20.900,- (7 dagar).

Inkludert i prisen:
Parkavgift 7 dagar i fjellet USD 956,- pr. stk. Sandwich ved ankomst hotellet. Norsk reiseleiar ved ankomst Kilimanjaro flyplass, innkvartering hotell og elles under heile opphaldet i Tanzania etter fjellet. Lokale guidar, kokkar og bærarar på fjellet med ryddige og gode betingelser. 1 guide pr. 2 gjester. All innenlandstransport iflg. program i Tanzania. Overnatting på hotell i Moshi inkl- frukost. Alle måltider på fjellet inkl. alt du treng av vatn, te og kaffi. Mat- telt for servering middag og frukost kvar dag. Ferdig lunchpakke får du med deg. Etterforsyning av fersk mat. Svært høg kvalitet på maten i fjellet basert på tilbakemeldingar frå alle mine tidlegare grupper . Overnatting på fjellet: 2 i tremannstelt. Eige toilett-telt på fjellet.
Det vert teke forbehold om endring i pris dersom endring i valutakursar. Reisearrangør vil halde kunden løpande orientert.
Alle guidar er sertifiserte for guiding på Kilimanjaro og dei har god kjennskap til symtom på høgdesjuke og korleis dette skal handterast. Dei fleste snakkar brukbart engelsk og er flinke til å kommunisere med andre folkeslag. Redningsforsikring i Flying doctors. Dette gjer det mogeleg å rekvirere utflygning dersom akutt sjukdom. Vi har med oss satelitt-telefon til bruk der det er dårleg mobildekning. Oksygenflasker (i nødstilfelle).

Ikkje inkludert i prisen:
Flyreise Norge til Kilimanjaro.Tips til lokale guider, kokker og bærarar på Kilimanjaro, ca USD 200-250. Visum Tanzania (USD 50 ved ankomst Kilimanjaro flyplass). Husk at pass må vera gyldig i 6 mnd. etter heimreise. Lunch og middag og eventuelt enkeltrom på hotell. Drikkevarer utanom fjellturen.  Avbestillings-og reiseforsikring. Forsikring i høgda i tilfelle høgdesjuke (Syt for forsikringen også dekkjer utflygning).
Som tillegg til den maten som vert servert kan knekkebrød, nøttegodt e.l. og råsaft eller sportsdrikk anbefalast men det er ikkje inkludert i prisen. Mykje veskeinntak medfører hyppige dobesøk og for dei som ikkje vil gå ut av teltet om natta kan tisseflaske vera eit alternativ, men denne må du skaffe sjølv.

Min. antal deltakarar: 5
Max. antal deltakarar: 16
Påmelding: Via kontakt oss på bunn av sida
Påmeldingsfrist: Ingen konkret dato, men vi anbefaler minimun 4 månader før avreise.

Turfakta

Klima

I Tanzania er det sommar heile året men har regntid 2 gonger i året med ei lang regntid frå slutten av mars til begynnelsen av juni ogei kort regntid i november. Temeraturen ligg på 20 – 30 grader i låglandet rundt fjellet. På fjellet kan det vera shortsver opp til ca. 3.500 meter. Om natta er det stort sett under 0 grader om natta frå første camp. På toppnatta kan det vera ned mot ca. minus 15 grader.

Språk

Kiswahili og engelsk

Forsikring

Eg anbefaler at du undersøker at forsikringen din dekker fylgjande: Avbestillingsforsikring – må teiknast før eller samtidig med at reisen vert bestilt. Kontroller at totalsummen i avbestilligsforsikringen dekker totalsummen på turen din – Reisegods – Ansvar – Forseinkingar – Tapt reisens formål (F.eks. kan du reise til Afrika hvis du bryt armen før avreise, men det vil då verta problem med å delta på fjellturen. Difor bør du ha ein forsikring som dekker tap av reisens formål.) Enkelte forsikringsselskap bruker antal meter over havet som kriterium for forsikringsdekning, og om dei kaller det ein ekspedisjon eller ikkje. Undersøk og kor mange reisedagar forsikringen din dekkjer pr. reise.

Vi ordner med forsikring via Flying Doctors, som dekkjer sjuketransport ved alvorleg sjukdom. Det er viktig at forsikringa di dekkjer utflygning.

Pass og visum

Er påkrevd for nordmenn i Tanzania, gyldig pass (også for returen) må medbringes. NB! Pass må vera gyldig minimum 6 mnd. etter heimkomst. Visum kjøpes ved ankomst. (50$). Skjema for visum vert ofte utlevert på flyet slik at du kan gjera alt ferdig før landing, noko som er svært tidsbesparande.

Vaksinasjon og helse:

Ta kontakt med ditt legesenter eller helsestasjon for informasjon om vaksinasjonar minimum 2 månadar før avreise.
NB! Ta med vaksinasjonskort då dette er eit krav for å komme inn i Tanzania. Dette gjeld også Kenya dersom du reiser via Nairobi. Eg vil og anbefale for din eigen sikkerheit at du får helseerklæring frå lege om at du er kvalifisert til å delta på fjellturen.

Tid og tidssoner

Sommartid: Norge + 1 time.
Vintertid: Norge + 2 timar.

Førebuingar til Kilimanjaro – fjellturen

Hyppige fjellturar ( 2 gonger i veka ) med enkelte lengre turar ( 7 timar eller meir). Bruk ryggsekk ca. 8 kg. Overnatting i telt. Hald deg i god fysisk form. Siste 2 vekene før turen bør ein bruke tida til rolegare trening og opplading. Om det er av interesse kan vi ha eit par gruppemøter. Når de kjem over 3.000 meters høgde kan det vera ein fordel å vera førebudd på å gå sakte.

Bæring av utstyr:

På fjellet har vi bærarar som bærer alt utstyret. Vi bærer kun det vi treng for dagen.

Valuta:

Tanzania-shilling. 1$ tilsvarer ca.1400 Tsh. Enklest å ha med kontanter i USD, små enheter for tips o.l. Bruk USD til tips til guider og bærarar. Vi anbefaler du tek med ca. USD 400,- til visa, tips og div. suvenir.

Mat og drikke:

Vann på vannflasker får du kjøpt. Ellers drikkes kokt vann. Det er ikke mykje problem forbundet med mat og drikke på fjellet.

Kontakt oss for å bli med på tur