I samarbeid med våre lokale guidar, bærarar og kokkar kan vi tilby alle ruter på fjellet og safari i Tanzania. Vi bruker lokale guidar med lang erfaring og kan difor tilby gode turar av høg kvalitet. Jonn vil sjølv ta imot deg på flyplassen og syte for transport til overnattingsstaden.

Vi tilbyr også badeferie på Zanzibar og Tanga. Pris vert avtala etter kva standard du ønskjer.

Inkludert i alle våre turar er at vi tilbyr informasjonsmøte både i planleggingsfasen og ca. 2-3 veker før avreise

Vi brukar Kilimanjaro Airport som destinasjon då denne er nærast alle fjellturar, safariturar, Tanga og Zanzibar.


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.

Kva tidlegare turdeltakarar seier om oss

Det er openbart at Jonn Skagen har brukt mykje resurssar på å lage eit tilbod som både er spennande og trygt. Med god service, dei beste guidar og dei beste kokkar har han klart å lage et topp produkt som har fått navnet Tim Skagen. Vi har ikkje noko vanskar med å anbefale dette turopplegget til Kilimanjaro.

Kontakt oss

Samarbeidspartnara